Ventar på ferga på Festøya-etter ein vellukka tur til Sandsøya.

Koret på busstur til Godøya ein gong i 80 åra.

Hundeidvik Blandakor ved 100 årsjubileumet i 1971.

Leif Atle Strand,Jon Reidar,Åge Lade i Fargo,N. Dakota

Kurseth- slektningar møtes i Minneapolis,Minnesota

John Utgård og ein skikkeleg John Deere traktor.Ole Myrseth blei imponert og skulle kjøpe John Deere når han kom heim.-Og det gjorde han !

Sheriffen i Medora,N. Dakota og Halstein Kurseth

17. mai 1979 på Tusvikbygda samlingshus.

Ein gong tidleg i 60 åra.Fekk bildet av Jarle Tusvik.

Kassettomslaget som eg laga til kassetten som kom ut i 1992.Liveopptak frå grendahuset.Konserten var 29/2-1992.Vi hadde stort orkester leia av Askjell Molvær.Desse gamle slagarane slo an hos publikum.Vi burde hatt meir av slikt ! (Askjell hadde arrangert mange av songane)

Songarstemne Ørsta

Songarstemne Ørsta.

Hundeidvik Blandakor på trappa til Vårvon i Straumgjerde i 1930 åra. Stort kor den gongen.

Jon Norvik,Marit Kurseth,Magnhild Eilertsen,Anny Rokstad. Kortur til Jølster på tidleg 70 tal.

Kortur til Jølster tidleg 70 tal.

17. mai 2003 på Ikornnes

Vi hadde suksess med konserten om ver,vind og klima på Hundeidvik grendahus hausten 2008

Svanhild Hermansen,Berit Utgård,Tove Utgård,Marit Kurseth i songarhuer,sikkert ein 17. mai. (Hundeidvik Blandakor)

På Soltjeld,Vartdal-Songarstemne 1999

Vartdal 1999-Songarstemne.

Vi tok fri frå øvinga 21/4-2009 etter ein vellukka kyrkjekonsert på søndag.Kanskje den beste konserten i koret si historie ?? Ein del av kormedlemmane tok ein tur på Hovdeåsen i staden- i det fine ,men litt kjølege vårveret.

Kyrkjekonsert,Sykkylven Kyrkje 19/4-2009.Vi fekk mykje skryt for denne konserten.Var fornøgde sjølve også. Solisten Stine Merete Ulla gjorde ein flott jobb !! (Foto: R. Langeland/Sykkylvsbladet)

Magna Sætre,Anny Rokstad,Borghild Sandnes,Helga Krohn,Sigrid Johansen,Inger Kurseth,Lars Kurseth,Hildur Kalvatn,Paula Kurseth-Medora, ND

Helga Krohn,Jens Kurseth,Ole Myrseth i Medora,ND

På utescene i Trollwood Park. (Trur det er i Bismarck-hovudstaden i delstaten Nord Dakota)

Korets formann Rolf Rotnes.Han gjorde ein imponerande jobb med å organisere turen. Vi saknar Rolf,ein triveleg kamerat !

Her er flyet som fauk oss over dammen.

Marion Kurseth og sheriffen i Medora,ND

Lysreklame med HUNDEIDRIK i Valley City,ND

Vår norsk/amerikanske sjåfør Eleaine Andersen og Marit Sandvik Rønning.

Oddhild Øvergård og sheriffen i Medora,ND

Sigrid Johansen,Nikolai Strand,Helga Krohn,Vigdis Mork,Kalla Elveland-Oak Manor,Fargo,ND

Fargo: Vi planter det norske flagget seremoni. Åge Lade,Jon Utgård,Marion Kurseth,Sigrid Johansen,Oddvin Utgård,Jon Reidar Kurseth,Halstein Kurseth.

Jon Reidar og Halstein i Fargo,ND

Norskamerikanaren Paul Naess og Birger Rønning.Paul har sjølvkomponert "norsk" bunad av crimplene og ulltråd.Trur neppe denne blir å finne på Husfliden.

Kalla Elveland,Birger Rønning,Vigdis Mork ved bassenget på Oak Manor,Fargo,ND

Ved baren: Grete Williamsen,Mia Sjøholt,Birger Rønning,Sigrid Johansen,Helga Krohn.

Nikolai,Vigdis,Kalla,Sigrid,Helga.

Pause i byen Alexandria på vei frå Minneapolis til Fargo.Is og piss.

Like før avgang på Gardermoen.

Her går vi ombord i flyet på Gardermoen.Martinair,nederlandsk selskap.

Her er bussen som frakta oss rundt omkring i midtvesten.

Det vart servert mat ute i det fri. I Medora,ND-Th. Roosevelts National Park

Hildur Kalvatn på ein amerikanar.

Her vart vi køyrde "i tog" på nasjonaldagen.

Helga Krohn ved ein amerikanar. Vi saknar Helga-ho reiste så altfor tidleg frå oss.

Her er det mat å få.

Kokkane med kjøtet på høygaflar.

Hundeidvik Blandakor på Hundeidvik Grendahus 17. mai-2009 Foto: Unni Bergan

17. mai-2009 Hundeidvik Grendahus Foto: Unni Bergan

Toril og Ole Kåre på Verkstaden Bistro

Her er Hundeidvik Blandakor på veg til stemne i Eidsdal våren 1964.Turen gjekk med M/B "Ytterdal" frå Hundeidvik laurdag ettermiddag og returnerte søndagskvelden.Songarane på bildet er: Framme frå venstre: EMMA KURSETH,ANNY ROKSTAD,PAULA KURSETH,DIRIGENT JOSEF MIDTGÅRD,SIGNY UTGÅRD,PETRA ABELSETH,MARTE UTGÅRD,SYNNØVE SALTRE,ELSA URKE.Andre rekke: OLINE URKE,BJARNE VEDVIK,AGNES UTGÅRD,OLINE BUEIDE,ODDNY UTGÅRD,LISE KARIN URKE.I tredje rekke og på venstre side av masta: ROALD JOHNSEN,NIKOLAI STRAND,JAKOB KURSETGJERDE,HANS O. UTGÅRD,JOHN UTGÅRD og lengst bak: KONRAD UTGÅRD.På høgre side av masta: HANS HOVDEN,PEDER UTGÅRD (i hatt),HANS MIDTGÅRD,LARS KURSETH,LEIF URKE.

OMBORD I M/B YTTERDAL. BJARNE VEDVIK,OLINE BUEIDE,NIKOLAI STRAND,PETRA ABELSETH,HANS MIDTGÅRD. FRAMME: SYNNEVE SALTRE.

Bak: Josef Midtgård,Anny Rokstad,Ragnhild Utgård,Hans Utgård,Petra Abelseth,Konrad Utgård. Framme: Magne Bueide,Jakob Kursetgjerde,Oline Bueide. 1964.

ELSA URKE,ODDNY UTGÅRD,SYNNEVE SALTRE,RAGNHILD UTGÅRD,ANNY ROKSTAD.

HUNDEIDVIK BLANDAKOR PÅ SKULEPLASSEN I HUNDEIDVIK 17. MAI-1964

Anny Rokstad,Bjørg Viddal.Framme på trehjulssykkel: Petra Abelseth.

UKJEND,ROALD JOHNSEN,HANS HOVDEN,LISE KARIN URKE OG BJØRG VIDDAL.Johnsen og Viddal var lærarar i Hundeidvik.

17. mai 1993 på Blakstad "nye" skule i Tusvik.Skulen er no barnehage.Astrid Drabløs var dirigent den gong.Takk til Jarle Tusvik for bildet.

ULLA FYR på Haramsøya.Her bodde vi på Songarstemnet 2011.

Frå Songarfesten laurdagskvelden på Nordøy grendahus på Flemsøya/Skuløya.

Songartoget søndag gjekk frå Ulla og over den smale brua over til Ullaholmen og Ulla fyr.

Alle kora song fellesnummeret "Mellom bakkar og berg" utanfor "heimen" vår,Fyrmesterboligen ved Ulla fyr.Mykje av songen bles vekk.Spesialarrangementet av Henning Sommerro hadde fortent ei betre framføring.Det får bli ein annan gong.

Gradestokken utanfor Fyrmesterboligen på Ulla fyr.

Arrangørkoret for songarstemnet på Haramsøy/Flemsøy,KOR FOR OSS laga eit fint stemne.Meget god underhaldning på songarfesten laurdag ! K F O har medlemmar frå Haramsøy,Lepsøy og Flemsøy.


Her blir innlagt bilder av Hundeidvik Blandakor på tur,på stemne,konsertbilder etc. Nyere bilder og historiske bilder.
Viss nokon har bilder,som eg ikkje har, vil eg gjerne ha tilsendt, evt. lånt slike.

NYLIG INNLAGT:
Bilder frå 1964 (fekk låne dei for scanning av tidlegare kormedlem Synneve Aarskog (Saltre) frå Vartdal.)  Takk for låna ! 
 
Fleire bilder frå Amerikaturen-1986
(Fekk låne albumet til Marit Sandvik)


Vi har etterkvart fått ein fan/fotograf,som stadig sender fine bilder.Ho heiter Unni Bergan.
Takk Unni for mange fine bilder.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Eldar Høidal | Svar 20.11.2011 11.23

Hei Jon Reidar
Jeg vil lage en artikkel om koret på lokalhistoriewiki.no. Her trenger jeg et bilde. Kan du sende et bilde av koret til eldar.hoidal@online.no.

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

11.12 | 19:21

Hei.
Egil Skjelnes,som spelte i bandet har CD plater igjen.Pris kr. 100,- + porto.
Han er å finne på Facebook. Mvh JR. Kurseth.

...
10.12 | 23:58

Hei. Er på jakt etter plata til Headin' West, vet du om den er å oppdrive noen plass? Hadde den på kassett på 90 tallet, hadde vært fint å hørt den igjen 😀

...
13.07 | 15:12

Jeg leter etter gamle bilder fra Aure:

* Hotell Søndmøre som lå i Haubukta, gikk konkurs 1879
* Bilder: Øvre Ullavik som min oldefar drev frem til 1879

...
28.07 | 14:37

Sendte e-post nå.

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE