Draumen som gjekk i oppfylling:
På Amerika-ferd med Hundeidvik Blandakor ! (1986)
«Denne turen starta som ein draum ved nyttårstider for Hundeidvik Blandakor.
Utvandrarane hadde vel ein draum dei også,men ein heilt annan draum»
Dette står å lese i «ettertankane» i dagboka som vart skreve då Hundeidvik Blandakor var på Amerika-turne i sommar.Sykkylvsbladet har fått låne dagboka og gjort eit lite utdrag av dei mange hendingane som kormedlemmane fekk oppleve.
Men som dei sjølv skriv:
«Det finns ikkje ord for å skildre det,det må opplevast»
FRÅ DAGBOKA
Natt til onsdag 25. juni: Start frå Hundeidvik med buss kl. 24.00.På Strynefjellet fekk vi ein forsmak på den store myggen,som kom til å plage oss i USA.Kjempefin flytur frå Gardermoen (Den tida gjekk mykje av utenlandstrafikken derifrå-Gardermoen var den gong militær flyplass) til Minneapolis via Chicago.
Torsdag 26. juni :
Badenymfene kom i hotellbassenget allereie kl. 6.30. Eit kjempeanlegg med symjebasseng, boblebad,bord,stolar,solsenger,solarium og eksotiske plantar.Busstur til Detroit Lakes,der det vart halde konsert i Trinity Lutheran Church om kvelden.Vi fekk varm mottaking av våre vertsfamiliar.«Gutane våre» (Leif Atle Strand,Halstein Kurseth,Jon Reidar Kurseth og Åge Lade) hadde si eiga avdeling.Den to timar lange konserten var ein knallhard start for koret,men vi kom ganske bra frå det.Det var så varmt inne i kyrkja at vi kjende sveitten sile.Damene var i bunad og karane var i kvit skjorte,raud vest og svarte bukser.Tore-Hans var så skinnblaut at hadde vi vridd skjorta og vesten hans,hadde vi fått mykje vatn ut av det.
Fredag 27. juni :
Avreise frå Detroit Lakes,Minnesota til Oak Manor Motel i Fargo,Nord Dakota.Ein ny stor konsert i Valley City,der det første som møtte oss var ei stor lysreklame som opplyste om konserten til Hundeidvik Blandakor.Heilt topp.Fullsatt kyrkje og stor stemning frå starten av.Heile forsamlinga reiste seg og klappa då vi var ferdige.Ja då var klumpen i halsen stor og tårene ikkje langt unna.
Laurdag 28. juni :
Fridag i Fargo med soling,bading og handleturar.Festleg samvær og dans om kvelden.
Søndag 29. juni :
Vi tok del i to Gudstenester på føremiddagen i First Lutheran Church i Fargo.Omlag 1000 mennesker tilstades.Seinare heldt vi ein times utekonsert i TrollWood Park under vanskelege forhold med dårleg høgtalaranlegg og mykje støy.Her føregjekk ein skandinavisk festival med mykje fint både å sjå og høyre.Ut på ettermiddagen gjekk bussturen vestover til hovudstaden i Nord Dakota,Bismarck.Her inntok vi den beste middagen til no på turen og kaffien var også god.Overnatting på Expressway Motel.
Mandag 30. juni :
Omvisning på Nord Dakota's Capitol Building.Kl. 13.00 var det avgang frå Bismarck til turistbyen Medora.Ubeskriveleg utsyn over Th. Roosevelt's National Park under turen.Medora er ein heilt spesiell «by» og ein mann skal vere eigar av heile byen.Den er bygt opp i rett gamal western stil og har berre 97 fastbuande ! Middag på «fjellet» ,der kjøtet var tredd på høygaflar og kokt i kjempesvære fondue-gryter.Seinare såg vi ein nesten 3 timars lang Western musical ved eit utendørs amfiteater.Seint på kvelden var det nokre av oss som prøvde seg ned på «Missouri Saloon»,ein ekte saloon i western stil,slik vi ser i westernfilmar.Sheriffen i byen køyrde Halstein til hotellet og henta gitaren hans.Seinare var Halstein,Leif Atle og Jon Reidar fram på scena og framførde nokre låtar,saman med det lokale bandet.
Tirsdag 1. juli :
Fridag.Ei busslast vart køyrd ut i Roosweltparken,der dei m.a. fekk sjå ein flokk bøfler på ca. 120 dyr.
Onsdag 2. juli :
Vi forlot Medora for å køyre heile den lange vegen tilbake til Fargo. I byen Mandan fekk vi bivåne cowboy-rodeo.Det var litt delte oppfatningar om denne form for underhaldning blant oss norske.Mange meinte at hit burde «Greenpeace» ha teke seg ein tur.Men amerikanarane var heilt ville etter det.
Torsdag 2. juli :
Fridag etter den lange køyreturen om natta.Om kvelden var vi bedt på fest på Kringen Club (Sons Of Norway).Denne kvelden og natta fekk vi oppleve eit lyn og torever,som vi aldri hadde førestillt oss.Lyna lyste opp himmelen,men tora høyrde vi nesten ikkje.Regnet auste ned,som om vi hadde skrudd dusjen på fullt.Men etterkvart så letta det og det vart fint igjen.
Fredag 4. juli :
Nasjonaldagen i USA starta tidleg for oss.Vi stillte i bunad til frukost kl. 7.30 og vart etterpå køyrd til den vesle byen Lidgerwood,som feira 100 årsjubileum.Her var vi med i ein fantastisk parade/opptog-der alt gjekk på hjul.Vi vart køyrd rundt på lasteplanet til ein bil dei kalla flatbed-truck,og derifrå song vi det beste vi kunne.Under opptoget traff vi på ein liten tankbil,som hadde tanken full av heimelaga øl.Dei fleste i koret fekk seg ein liten sup-og det gjorde visst godt i tørre struper.Etter denne paraden gjekk turen til Sisseton,Sør Dakota der vi fekk sjå indianerdans.Det varme,klamme veret var imidlertid grusomt.Seinare på dag barst det til Moorhead State University der vi hadde utendørskonsert i lag med ei trekkspelgruppe frå Asker og ein leikarring.Den kjempestore tribuna som var her tok 10-15 tusen menneske og på slutten av konserten,som varte i en og en halv time var tribuna peisfull !! Klokka 22.00 fekk vi greie på kvifor det hadde møtt fram så mange folk,for då starta eit fyrverkeri,som ingen av oss hadde sett noko liknande til.Heilt fantastisk !
Laurdag 5. juli :
Vi drog til den vesle staden Gonwick (371 innbyggjarar).Her skulle vi ligge privat igjen og vi vart hjarteleg mottekne alle stader.Om kvelden hadde vi konsert i den fullsatte kyrkja.
Søndag 6. juli :
Vi song på Gudsteneste i same kyrkja som kvelden før.Her var mykje folk med norske forfedre,som alle gjerne ville prate litt.Mange spørsmål dukka opp-»Kjenne you Olga Hansen from Hallingdal ?».På kyrkjegarden rundt kyrkja såg ein berre norske namn på gravstøttene-litt rart å tenke på.Det vart oss forresten fortalt at der er meir norskætta folk i Amerika (over 6 millioner) enn vi er norske i Noreg.Seint på ettermiddagen var vi «heime» i Fargo igjen og hadde no fri heilt til mandag kveld.
Måndag 7. juli :
Om kvelden stillte eit bunadspynta og godt opplagt kor til fest på Kringen Club (Sons Of Norway).I kveld var det avskjedsfest for dei to gruppene frå Farmer's Tour og Hundeidvik Blandakor.Nydeleg kalkunmiddag.Koret stod for underhaldninga denne kvelden og «Gutane våre» tok første og siste avdeling i konserten.Dei blei mektig populære «overthere».Gåvebyte og takketalar etter konserten.Seint på kvelden/natta heldt vi ein liten privat avsluttningsfest for oss sjølve.
Tirsdag 8. juli :
På heimveg.Turen gjekk til Minneapolis og luksushotellet Ambassador,der vi også låg første natta på amerikansk jord.
Onsdag 9. juli :
Sightseeing i Minneapolis og St. Paul (to byar som er samanbygde,blir kalla Twin cities).Vi køyrde både gjennom slumstrøk og dei flottaste luksusstrøk. Kursethfolket,som var med på turen (9 stk.) blei henta av amerikanske slektningar og vart køyrde heim til dei i den vesle byen St. Peter,nokre mil sør for Minneapolis.Om kvelden var vår norsk-amerikanske bussjåfør,Eleaine Anderson,klar for den siste turen med oss.Ho hadde no blitt «ein av oss»,så det vart ein litt tårefyllt avskjed ute ved flyplassen.Men vi vonar ho kjem til Noreg snart,så vi kan møtast igjen.Turen heim vart lang som eit år i eit lite og trangt fly.Ikkje nokon luksus her nei ! Vi landa på Gardermoen kl. 16.00 torsdag 10. juli og vart møtt av sjåfør Birger Myrseth,som losa oss trygt tilbake til heimbygda.
ETTERTANKAR
Det er eigentleg heilt utruleg at Hundeidvik Blandakor har vore ute i den store,vide verda på turne og gleda mange tusen menneske med våre norske songar.Aldri har vi vel før fått så mykje skryt og så mange takkeord for songen vår.Bunadane vart beundra,fotograferte og saumfarne alle stader.Vi vart inderleg godt mottekne alle stader vi kom,særleg dei norskætta var så glade for å få besøk ifrå Noreg.Og vi har fått oss mange gode vener der borte.Ein del av oss fekk treffe slektningar der borte.Myrseth-Ole hadde no visst syskenbarn overalt.Det var triveleg for alle.
GUDSTENESTENE-EIT KAPITTEL FOR SEG SJØLV
Gudstenestene deira er eit kapittel for seg sjølv.Benkeradene var fyllt til siste plass.Presten byrja preika med å helse Good morning ! Og heile kyrkjelyden helsa Good morning ! tilbake.Dei las dagens tekst saman med presten og dei song så det ljoma i salmesongen. Det gjorde faktisk vi også,for jammen var der meir kjende tonar i deira kyrkje enn vi høyrer i kyrkja her heime.
Etter preika stod presten i døra og tok kvar enkelt i handa.Så var det mat og kaffi i kyrkjekjellaren,noko som vi forstod var heilt vanleg.
MATSTELLET
Matastyret deira der borte i USA var også litt annleis enn vårt ,ja.Frukostane var kjempesvære og mekige.Masse eggerøre,bacon,rista brød med lønnesirup og tjukke store sveler var også brukt.Ein kan no leve i mange timar utan mat, etter ein slik porsjon.Vatnet deira var ikkje drikkande-det var altfor mykje klor idet.Og kaffien var klorvatn med farge på.Kalkunkjøt blei brukt veldig mykje -og det blei servert ofte til middag.Men så var det ikkje noko måltid mellom frukosten og middagen,som var i 6-7 tida om kvelden. Då var det å ty til «fastfood».Når vi bodde privat med norsk-amerikanarar fekk vi servert litt norsk mat også.Enkelte fekk steikt ball til frukost ein dag og det var no mat for ein sykkylving ! Elles fekk vi vite at dei brukte rjømegraut,lutafisk,lefse,potetkaker og vafler. Dette var heilt vanleg mat hos dei. Men ingen av oss gløymer vel dei hardkokte egga med grøne eggeplommar,som vi fekk på Oak Manor.Det var ingen som fekk greie på om dei hadde spesielle høner eller om det var måten dei vart kokte på.
ENDELAUSE VIDDER OG KJEMPESTORE FARMAR
Og så desse endelause flate viddene.Det var så meir enn flatt ! Det var kun i Medora og rundt om der det var kupert terreng,elles var det ingen bakketoppar å sjå.Kjempestore farmar var det over alt,men ikkje alle var like velstelte.Det er dårlege tider for bøndene i USA,vart det oss fortalt og vi såg ein del farmar som var fråflytta og alt stod til nedfalls.Det er litt vemodig å sjå når ein tenkjer på kva arbeid som er lagt ned på ein så stor gard-og kva dei hadde å hjelpe seg med,nybrotsfolket,den tida dei starta her.
«IT BEGAN WITH A DREAM»
Det byrja med ein draum,stod det i ei brosjyre vi fekk i Amerika.Denne turen starta som ein draum ved nyttårstider for Hundeidvik Blandakor.Utvandrarane hadde vel ein draum dei også,men ein heilt annan draum !
Eg skreiv ned dette frå nokre gulna utklipp frå Sykkylvsbladet frå august 1986.Kven som er forfattar er ikkje nemnt.Kanskje er det dugnadsarbeid ?Nokre få rettingar/tilføyingar 2. april-2009 Jon Reidar Kurseth
Bilder frå turen på Bildesidene til Hundeidvik Blandakor.
Fleire bilder frå denne turen kjem snart !
Hundeidvik Blandakor utanfor Kringen Club (Sons Of Norway) i Fargo,North Dakota. Juli-1986