|
Steinar Engelbrektson Band vitja Sykkylven og Ikornnes den 11. september-2010. På dagtid laurdag heldt dei ein gratiskonsert i Aure sentrum og mykje folk møtte fram.Sjølvsagt vakte det åtgaum i kommunesenteret Aure.Eit storhende er det, når eit band kjem og riggar opp og spelar gratis på høglys dag! Mange av dei frammøtte tok turen over Sykkylvsfjorden,til Ikornnes, seinare på kvelden. Det vart svært folksamt på Verkstaden Bistro og folk hadde det triveleg. Steinar & bandet kosa seg ilag med publikum utover kvelden og stemninga var høg.Bandet serverte den eine slageren etter den andre og mange sang med på mange av sangane,som etterkvart svært mange kjenner.Steinar Engelbrektson Band blir rekna som ei av dei fremste gruppene innan danseband/country sjangeren i Norge.Steinar Engelbrektson Band har også spela på Verkstaden Bistro ein gong tidlegare.(Fyrste gongen eg høyrde Steinar,spela han i eit bryllaup på Hundeidvik Grendahus-for mange år sidan.) Steinar Engelbrektson Band er: Steinar på trekkspel og sang,Alf Rune Melby,steelguitar-Maron Sandvik,trommer,sang-Eivind Skjerdal,gitar,sang-Bjarte Haugen,bass,sang.Med på tur er også lydmannen Oddmar Varpe.Då ikkje lokalpressa var til stades-vil eg med dette gi litt informasjon,for dei som ynskjer det.Laurdag 13. august 2011 kom bandet igjen til Ikornnes.Det vart eit flott ver denne helga og mykje folk møtte fram.Mange kom med båt.Steinar & co. spelte som vanleg flott med eit behageleg lydnivå.Og folk var storfornøgde.Nokre nye bilder lenger nede på sida.
På utescena i Sykkylven sentrum,Aure.
Folksamt i sentrum,sjølv om veret ikkje var det beste.
Steinar Egelbrektson på scena i Sykkylven sentrum.
Stor stemning på Verkstaden Bistro.
Trommeslager og sanger Maron Sandvik.
Steelgitarist Alf Rune Melby frå Skjåk.
Gitarist Eivind Skjerdal,tidlegare Vassendgut.
Dette stod på Facebooksida til Steinar Engelbrektson Band etter turen til Sykkylven: Hei godt folk. Ein spelemann sover aldri i helga. No er vi tilbake på hotellromma i Sykkylven og vi har hatt ein fantastisk kveld saman med masse festglade folk. Verkstaden Bistro var utsolgt for billetter i kveld og det var kanonmoro å stå på scena. Takk til Lidvard og dei andre som var på jobb. Dokke har gjort ein kjempejobb i kveld.
Førebels siste CDplata-ei samling med hits på Tylden records.Her er også hiten med Anne Nørsti.
Publikum framfor utescena i Sykkylven sentrum.
Bassist Bjarte Haugen og steelist Alf Rune Melby.
Steinar Engelbrektson Band skreiv på Facebooksida si:
Kvelden på Verkstaden Bistro vart som vi håpa på. Masse danseglede og fullt trøkk på golvet i heile kveld. Takk til Lidvar og damene som gjorde ein kjempejobb i kveld. Ha ein fin søndag folkens
.
|