DEI GODE GAMLE LÅTANE

I 2005 spelte Elias Roaldsand & The Shades på Verkstaden Bistro til eit stort publikum,ein usedvanlig flott 8. oktoberkveld-temperaturen var mellom 15-20 grader.Sunnmørsposten var til stades og hadde denne reportasjen i avisa mandag 10. oktober.Sidan den gong har dessverre Elias,Jan og Harald falle frå.Brørne Kåre og Roger Synnes er dei to som er att.Kåre driv fortsatt med musikk,som lydmann og er med i fleire grupper.I ei av dei,The Strangers får han fortsatt spele dei gamle Shadowslåtane.Denne oktoberdagen i 2005 var siste spelinga til The Shades og ei verdig avslutning for den populære gruppa frå Vigra.Eg må også få med at brørne Kåre,Roger og Harald Synnes' si mor kom frå Hatlemarka i Tusvika og var syster til mi mor.  Jon Reidar Kurseth. 


DEI GODE GAMLE LÅTANE    

I eit halvmørkt telt,mellom plastglas og papptallerkar,gjennom ein mikrofon,kjem stemma frå den gong då.Og minna som følgjer med.

MIMRING. I gangen står ein mann.Han har slips,skjorta heng litt utanfor beltet,men han har sete eit par gode sjøbein,og no er det noko han freistar å hugse.

Han stirer på plakaten på døra som om han var ein gammal kjenning han ikkje heilt femner namnet på.Så snur han seg mot meg:-Eg har vore på konsert med dei før.Jau,det har eg.

Det var i nitten sekstisju.Eg hugsar det no.

BRYL OG BARYTON. Ut gjennom døra,gjennom det lange teltet,forbi langborda,forbi han som ropar så høgt (!!! ???) og ho som ristar smilande på haudet,står The Shades.Bandet med songaren Elias Roaldsand,Jim Reeves frå Vigra.Dei vart oppløyst i 1970,men du kan ikkje sjå det på dei.

Dei siste tre åra har dei igjen vore å sjå på slike treff,i samfunnshus og barar.Gamalpop kallar ein det gjerne,musikk ein kan danse og drikke og mimre til.

No på Ikornnes,ligg alt til rette for ein kveld å minnest.Ute er det indian summer,styggvarm haust og berre nokre få regndropar.

Norge har vunne ein null over Moldova i fotball.Kjøkenet har servert viltgryte og pølser med brød,teltet er fullt av skitne papptallerknar og skeive smil.

Elias grip mikrofonen og legg stemma i lågt leie.»I love you because you understand me»,syng han, med ein baryton full av brylkrem.

Det går eit sukk gjennom teltet.Kvinnfolka halar i karane.Nokre vil ha ein slurk til av ølet,men dei kjem,dei kjem alltid til slutt,sjølv dei yngste og treigaste.

Liksom motviljug,smilande.På golvet fører dei som Fred Astaire på koffeintablettar.

Medlemma i The Shades smiler til kvarandre.Dei har ikkje gløymt.

DEI GAMLE LÅTANE. Det er hyggeleg å vere tilbake.Vi spelte mykje på desse traktene før.

Og det var som eg håpa,at det skulle kome mange i femti sekstiåra,seier gitarist,Jan Synnes frå scena.

Då er det nokre som protesterer.Gamalpop er ikkje berre for gamlingar.

Halvparten av dei i teltet var ikkje fødd då Jim Reeves flaug inn i ein storm og styrta i døden,

10 amerikanske miles sør for Nashville,Tennesse (journalisten skreiv Texas),fredag 31. juli 1964.Men dei kjenner sine klassikarar.Og det er slike som lokkar dei ut på golvet.

Sjølv om The Shades spelar Shadows med ekkogitar så det gjallar i fasaden på Ekornesfabrikken,er det godlåtane dei vil ha,låtane dei har dansa til hundre gongar før,låtane dei kjenner like godt som si eiga syster. 

Då eg går for å rekke ferja,er han der igjen.Mannen med slipset.Han har retta på skjorta no,og står lent inntil naustveggen utanfor Verkstaden Bistro med ein røyk i munnviken.

Gloa lyser opp sveitteperlene i panna.

-Skriv om det i avisa.Gjer det,nikkar han og bles røyk gjennom nasen.

-Skriv om korleis det var i nitten sekstisju,då dei laga skikkeleg musikk.

(Namnet på skribenten i Smp er Bjørn Vatne)

Slik såg plakaten/annonsa ut.Annonser både i Sunnmørsposten,Sykkylvsbladet og Nytt i Uka.

Oppvarmingsbandet "Tribute To The 70's" får det også til å svinge. Dei var : Leif Atle Strand,Odd Arne Oseberg,Jon Reidar Kurseth og Bent Johannesen.

Her er Kåre Synnes saman med vokalisten Lillian Iversen og steelgitarist Arild Kvenseth.Kåre og Lillian opptrer ofte saman.Og då er det Country det dreier seg om.Lillian har også utgitt plate.Kan også lastast ned frå iTunes.

Søskenbarna Lidvar Kurseth og Harald Synnes.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

11.12 | 19:21

Hei.
Egil Skjelnes,som spelte i bandet har CD plater igjen.Pris kr. 100,- + porto.
Han er å finne på Facebook. Mvh JR. Kurseth.

...
10.12 | 23:58

Hei. Er på jakt etter plata til Headin' West, vet du om den er å oppdrive noen plass? Hadde den på kassett på 90 tallet, hadde vært fint å hørt den igjen 😀

...
13.07 | 15:12

Jeg leter etter gamle bilder fra Aure:

* Hotell Søndmøre som lå i Haubukta, gikk konkurs 1879
* Bilder: Øvre Ullavik som min oldefar drev frem til 1879

...
28.07 | 14:37

Sendte e-post nå.

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE