Då er haustens store ÅRGANGSPOP på Verkstaden Bistro vel i hamn.Det vart,som venta ein fin kveld med god musikk,god lyd og mykje fornøgde og glade folk.Vi fekk servert Beatlesmusikk med THE BUTLERS og Shadowsmusikk med THE STRANGERS,som til og med hadde med ein flink vokalist,Jan Einar Straumsnes som song Cliff Richardslagarar på rekke og rad.(Han er også med i Giske Blandakor).
Shadowsmusikken til The Strangers,med Kåre Synnes i spissen på sologitar,let akkurat som The Shadows.Samme gitarlyden som Hank Marvin har.Kåre stilte med heimelaga ny gitar og Vox forsterkar.Vox forsterkaren blei kjøpt på 60 talet ein gong,då han spelte i The Shades.
The Butlers har med ein engelskmann som heiter John Butler,som leverte Beatlesmusikk av høg klasse,både på gitar og vokalt.Heile bandet let tett og fint med flott harmonisang.Slik underhaldning vil vi ha meir av.Denne musikken går aldri av mote.Mykje musikk har gått i gløymeboka oppigjennom åra,men Beatles og Shadows kjem tilbake i tiår etter tiår.