Laurdag 29. oktober 2011 vart det arrangert Biffaften med musikk av Lillian Iversen Trio.Det vart ein trivelig kveld for dei som møtte opp denne kvelden.Berre skryt å høyre i etterkant.Maten var nydeleg-Forsjellige biffvariantar servert med masse godt tilbehør frå eit veldekka buffetbord.
Etterpå vart det dessert,kaffi og cognac.Den musikalske delen av kvelden starta med allsang,der eg (Jon Reidar) var med trioen som forsanger på allsangane.Lillian og eg hadde også nokre duettar ilag.Eg var på øving med dei på Valderøya på torsdag-og det var kjekt.Ein triveleg gjeng.Kjemien stemte frå første tone.Forutan Lillian Iversen på keyboard og vokal, så er det Kåre Synnes på gitar og Arild Kvenseth på steelgitar,som utgjer trioen.Flott dansemusikk heile kvelden !
Lillian hadde med seg nokre cd-plater for salg,så det blei salg og autografskriving ut på kvelden.
Det var berre skryt å høyre om musikken-flott låtvalg-flott framføring og behageleg lydnivå.
Lillian skriv også eigne låtar og nokre av desse blei også framført.
Dei som ikkje møtte opp på laurdag-gjekk glipp av ein fantastisk kveld.Det hadde vore plass til mange fleire.
Lillian Iversen Trio kjem heilt sikkert tilbake til Ikornnes. (Dei var tilbake 9. og 10. desember og spelte på julebord.)
Dette ga meirsmak,både for dei-og alle oss andre.(Viss du vil skrive en kommentar-så gjerne det.Bruk feltet nederst på sida.) J.R. Kurseth
Kåre Synnes,Lillian Iversen,Arild Kvenseth.
Kåre Synnes,Lillian Iversen,Arild Kvenseth.