VI MINNES HELGE NYGÅRD

Her er Helge med blomar han fekk for sin store innsats.Dette bildet blei teke for nokre år sidan. Foto: J.R. Kurseth

TIL MINNE OM HELGE NYGÅRD

(1938-2014)

Det var ei trist melding vi fekk laurdag 25. januar-Helge Nygård hadde gått bort.

Han som var så levande,midt blant oss heilt til det siste.Dette var uvirkeleg og høgst uventa.Det vil bli eit stort tomrom etter Helge og mang ein gong vil tankane gå til han,også i framtida.Men alle dei gode minna vil vi ta vare på.

Då Verkstaden Bistro blei starta i 2003 var Helge ein av dei fyrste som melde seg på med ei hjelpande hand og har vore med heilt til det siste.Alltid positiv-han såg alltid kva som måtte gjerast,det kunne vere rydding, tilrettelegging,mottak av gjestebåtar,flaggheising,byggearbeid og mykje meir.

Når det i sommarsesongen skulle lagast uteplass,var Helge alltid der og stod for arbeidet med den.Han planta blomar og gjorde det triveleg for alle. Han passa også på å vatne blomane,når ikkje naturen gjorde den jobben.Denne plassen vart kalla «Helges Plass».Og så måtte han mate dei fine endene,som symde i hamna.Dei også vil sakne Helge.Måsane var han ikkje så begeistra for-dei kunne bli litt for nærgåande og frekke.Huskar ein gong han skulle jage nokre som prøvde å stele mat frå tallerkenane på uteserveringa: «Sjjjjjj… Sjjjjj….. dra døkke burt te Aure,det e der døkke høyre heime !»

Båtfolket sette også pris på Helge,fleire kom tilbake år etter år.Var ikkje Helge på plass ved ankomst,så spurte dei etter han.Han dukka som regel alltid opp. Alle blei dei kjende med denne serviceinnstilte medhjelparen.For nokre få år sidan fekk han prisen «Årets ildsjel» av «Båtmagasinet».Denne utmerkinga sette han stor pris på,han reiste til Lillestrøm for å motta den.Denne helga der nede fortalde han mykje om.

I alle år Verkstaden Bistro har eksistert har dei arrangert årlege Båttreff saman med båtforeninga.Helge har alltid vore på plass,frå morgon til kveld og utført viktig arbeid.Han småsprang mellom oppgåvene,som kunne vere mangfaldige. Blei søppelcontainarane fulle,så kunne han gå oppi å trakke,for å få plass til meir.  Viss han tykte at musikken blei i høgste laget,sa han også frå om dette : «No må døkke ta å skru ned litt-øss høyre ikkje mannjemål !»

Kvar onsdag brukte Helge å steike vafler til pensjonistane i båtforeninga,dei brukte å treffast i båthuset,der dei hadde seg ei kosestund på føremiddagen. Det høyrer med til historia at pengane til innkjøp av ingrediensane kom frå flaskepant.Helge samla i hop bokser og flasker,som låg og slong langs vegane og fekk pant for dei.Han likte ikkje naturgriseri.

Det er ikkje berre Verkstaden og båtforeninga,som kjem til å sakne Helge. Idrettslaget på Ikornnes har også fått mykje hjelp frå Helge gjennom fleire tiår. I fjor vart han også medlem av Sykkylven Pensjonistlag.Der var dei tidleg ute å ville ha han med i styret.Eg husker eg var med ein gjeng å underheldt med song og musikk på fyrste møtet Helge var på.Vi var knapt ferdige med siste nummeret,då Helge kom springande fram til scena for å takke.Eg fekk eit kraftig handtrykk og eit klapp på skuldra. «Ditta e det likaste eg he haurt på lenge-akkurat slik musikk øss gamlingane vil høyre.» Han strålte som ei sol-og såg at han meinte det han sa. «Det må ikkje bli lenge før dokke kjem tilbake.»

Eg gløymer det aldri,men neste gong blir dessverre ikkje Helge der.

KVIL I FRED HELGE-VI GLØYMER DEG ALDRI !

                                                Jon Reidar Kurseth

                                                                                      

HELGE SAMAN MED JØRN HOEL OG GRILLGJENGEN PÅ BÅTTREFF. Bjørn Utgård,Harald Nygård,Magnar Gjerde m. fleire.
MAGNAR GJERDE,LIDVAR KURSETH,INGUNN TANDSTAD,HELGE NYGÅRD,BJØRG KURSETH,PER HELGE FRØYSA,BJØRG HEITMANN.
LIDVAR,HELGE,BJØRG,TORIL,KRISTI Oktoberfest

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

11.12 | 19:21

Hei.
Egil Skjelnes,som spelte i bandet har CD plater igjen.Pris kr. 100,- + porto.
Han er å finne på Facebook. Mvh JR. Kurseth.

...
10.12 | 23:58

Hei. Er på jakt etter plata til Headin' West, vet du om den er å oppdrive noen plass? Hadde den på kassett på 90 tallet, hadde vært fint å hørt den igjen 😀

...
13.07 | 15:12

Jeg leter etter gamle bilder fra Aure:

* Hotell Søndmøre som lå i Haubukta, gikk konkurs 1879
* Bilder: Øvre Ullavik som min oldefar drev frem til 1879

...
28.07 | 14:37

Sendte e-post nå.

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE