HUNDEIDVIK BLANDAKOR

Koret på veg til Songarstemne i Norddal i 1964

HUNDEIDVIK BLANDAKOR

Koret blei starta i 1871 med songarar stort sett frå Hundeidvik og nabobygda Tusvik.                                                                                                                                         

 

 

I bygda vår fek korsongen tidleg rotfeste og det var vel ei spesiell hending som førde til dette.Det vart fortalt at eit notlag frå Hundeidvik var ein tur til Bjørke,

innst i Hjørundfjorden for å kaste etter sild.

Der fekk dei høyre at det skulle kome eit songkor til Grodås for å synge fleirstemt.

Ei slik storhending kunne dei ikkje gå glipp av.

Notkarane rodde ut att til Hundeidvika,fekk på seg finekleda og rodde inn til Bjørke igjen. 4 mil kvar veg ! Om dei hadde treboler på hendene seier soga ingenting om.

Dei gjekk over Kviven til Grodås og fekk med seg denne storhendinga.Dei blei så oppglødde over hendinga at dette førde til oppstarten av songkor i Hundeidvik.

I 1870 blei Karl M. Habostad frå Stranda tilsett som lærar i krinsane Hundeidvik,Blakstad og Jarnes.Skuleordninga var 3 veker på kvar stad-slik gjekk det på omgang.

Habostad var også kyrkjesongar i Sykkylven kyrkje.

I 1871 fekk han samla ein songglad gjeng i Hundeidvika og Hundeidvik Sangforening blei skipa.Dei var ikkje så mange i starten,men etterkvart kom det med songarar også frå Tusvika-til og med heilt frå Blakstad.

Koret var det fyrste koret som vart skipa i Sykkylven,ja faktisk eit av dei aller første på Sunnmøre.Det var ikkje så mange andre rundt omkring i landet heller.

Namnet blei etterkvart endra til Hundeidvik Blandakor.

Då Habostad blei overlest med arbeid på mange områder fekk han ikkje tid til å leie koret lenger.Han var også plaga med sjukdom.Habostad døydde i 1898,han blei berre 51 år.

I 1879 tok Johan K. Hatlemark frå Tusvika over koret,berre 20 år gamal.Han var dirigent fram til 1887.I 1893 reiste han til Amerika.Var heime i 1903,men reiste over til Amerika igjen same året.Sidan har ingen høyrt noko frå han.Han blei borte på veg tilbake.Truleg fall han over bord i Irskesjøen.

I 1887 tok bror til Johan over som dirigent.Han heitte Hans K. Hatlemark.Han var svært interressert i takt og tone og var ein dugande felespelar.(Det var også broren Johan.)Hans var berre 24 år då han vart dirigent.Fleire av Hans sine etterkomarar har i alle år vore med i koret.

I 1899 tok Karl Gulliksen Hatlemark over koret.Han var frå nabogarden i Hatlemarka.Karl leia koret i heile 36 år ! Han var også i perioder dirigent for Sykkylven Blandakor,Lurlåt og Samhaldkoret i Straumgjerde.

I tillegg dreiv han møbelfabrikk og var bygningsarbeidar !

I 1939 kom Øyvind Skåden frå Innvik til Hundeidvik som lærar.Det gjekk ikkje mange vekene før han var dirigent for koret.Han hadde utdanning innan song og musikk.Han fekk også i gong eit spelemannslag i bygda.17. mai 1941 song koret fedrelandssongane på Hovdeåsen,noko som var strengt forbudt i krigsåra.Det var rundt 40 songarar med i koret på den tida.

Øyvind Skåden var dirigent fram til 1954,då tok Josef Midtgård over.

Josef var frå Toregarden og kom frå ein musikalsk familie.Han byrja i koret i 1933,berre 14 år gamal. Allereide då hjelpte han til med stemmeøvingane.

Frå 1954 var det snakk om ein mannskvartett (mannskor som song firestemt).

I nokre år var det vanskeleg å få med damestemmer !

I 1961 starta koret på ny frisk med dame/herrestemmer.Slik har det vore sidan.

Josef var dirigent frå 1954 til 1983.Han vart i 1968 tilsett som organist i Sykkylven Kyrkje.Framleis blr det plukka fram notar i arkivet frå «Joseftida» i koret. Josef Midtgård døydde i 1996.

 

I dei seinare åra har koret hatt desse dirigentane:

 

Åge Lade  1983-1984 og 1986-1989

Askjell Molvær  1984-1986

Nils Naasen  Hausten 1989

Astrid Drabløs  1990-2001

Åge Frøystad  2001-

I kortare perioder i 1970 og 1980 åra har Jon Kurseth og Edmund Piwovarski vore innom og dirigert.

 

I 1986 var koret på tur til USA med mange konsertar både i kyrkjer og konsertar utandørs i strålande ver.Masse publikum over alt og mange gode ord for songen.Det var Minnesota og Nord Dakota som vart besøkt.Var også ein avstikkar til Sør Dakota.

Seinare har koret vore på utanlansturar til Skottland,Riga i Latvia og Gdansk i Polen.Alle turane har vore svært trivelige-kvar på sin måte.

Songarstemne,som før var ei fast hending kvart år,har vorte skjeldnare.Har fått inntrykk av det same med andre kor også.Det har faktisk vore planlagt stemne,som har blitt avlyst på grunn av for få påmelde kor.(Hundeidvik Blandakor har arrangert stemne to gongar.) Alt er i endring,slik har det alltid vore.

Det ser ut til at kora reiser meir på eiga hand no,gjerne til utlandet.Men ein treng ikkje fare utanlands for å ha det triveleg.

Hundeidvik Blandakor har hatt mange trivelege turar i nærområdet også, Sandsøya og Haramsøya,for å nemne to.

Oppigjennom åra har det vore mange jubileum i koret-100 årsjubileumet var i 1971.Og fleire jubileum har det vore seinare også.Mange prosjekt har vore framført opp igjennom åra : Jakob Sandeshow,Gamle slagarar,arrangert av Askjell Molvær,Ver og vindkonsert (med mykje heimelaga tekstar),Blueskonsert med Woodleg Odd og sist Beatleskonsert med koret,orkester og vokalist Knut Eilefsen.Beatleslåtane var også arrangert av Askjell Molvær.

Og så har det vore mange kyrkjekonsertar og korkafear.

Alltid har koret samla mykje folk,som gjekk frå arrangementa velfornøgde og med ei oppleving rikare.

Mange musikalske godbitar vil også bli servert av Hundeidvik Blandakor i komande tider.

Fleire jubileum ventar !

 

Innspelingar med Hundeidvik Blandakor: 


Sanctus (hellig,hellig)
Når vi i Guds skjønne himmel
Laudate
Kveldssong 

La ikke natten komme nå
Mitt hjerte alltid vanker
Det lyser i stille grender
Amazing Grace
Tennesse Waltz
Victor Jara
Can't Help Falling In Love 
  
 (Desse blei innspela i Sykkylven Kyrkje i 1992 av NRK Møre og Romsdal-tilgjengeleg på cd) Innspelingsteknikar var no avdøde Harald Nørve.
 
Konsertopptak,Hundeidvik grendahus,
29. februar-1992 :
 
 
I en skumringsstund   
Lykkens melodi
Gatesangeren
The white cliffs of Dover
Michelle
Can't help falling in love
Victor Jara
Vigdis vals
Mitt hjertes drømmeland Hawaii
Hondavikja blandakor 
Tennesse waltz
Goodbye,goodbye Malene
En gang skal vi møtes på ny
(Dei 4 siste er også innspelte på same konserten,men er
ikkje overført til cd enno.Har dei kun på kassett.)
 

Det finst også ein del videoar på YouTube,med variert kvalitet.    

17. mai på undomshuset i Tusvika i 1970 åra.
Koret fotografert i Hovden i seinare år.
Kyrkjekonsert i Sykkylven Kyrkje Foto: Sykkylvsbladet
HUNDEIDVIK BLANDAKOR 100 ÅR I 1971 Dirigent: Josef Midtgård
Innspelingane er digitalisert.
På Gomerhuset,Skodje 2013 Foto : Kåre Synnes
GATESANGEREN med naturbilder frå Sykkylven.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Einar M Holder | Svar 15.12.2014 08.43

Interessant!

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

11.12 | 19:21

Hei.
Egil Skjelnes,som spelte i bandet har CD plater igjen.Pris kr. 100,- + porto.
Han er å finne på Facebook. Mvh JR. Kurseth.

...
10.12 | 23:58

Hei. Er på jakt etter plata til Headin' West, vet du om den er å oppdrive noen plass? Hadde den på kassett på 90 tallet, hadde vært fint å hørt den igjen 😀

...
13.07 | 15:12

Jeg leter etter gamle bilder fra Aure:

* Hotell Søndmøre som lå i Haubukta, gikk konkurs 1879
* Bilder: Øvre Ullavik som min oldefar drev frem til 1879

...
28.07 | 14:37

Sendte e-post nå.

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE